Dei unge våger å tenke stort

•september 7, 2009 • Kommenter innlegget

I dag har eg vore å vitja to vidaregåande skular. Eg fekk snakka mykje godt om MDG sin politikk, fekk fram det gode med fildeling, nemnde FrP sin kulturfiendtlege politikk og fekk snakka varmt om høgfartstog. Det som forundrar meg er at det er berre på skulane MDG får stilla til debatt. At det bare er på skulane at nye politiske krefter blir tatt med i tellinga.

Mange her i dette landet kunne ha stemt de grønne, men det virkar som om det berre er unge som vågar å tenke stort og stemme grønt. Kanskje den eldre generasjonen treng å vise at dei kan konkurrere med dei unge når det gjeld å vere nytenkjande. Det er i alle fall noko eg vonar! No peker alle pilene opp for de grønne, alt me treng no er din stemme!

Ja takk til flere privatskoler!

•august 30, 2009 • Éin kommentar

Ikkje misforstå meg no: eg meiner sjølvsagt ikkje at det å starta skule skal bli business, men at me må takka ja til pedagogiske alternativ til den offentlege skulen. Sosialistisk venstreparti er på tynn is når dei vil ta frå folk valfridomen knytta til skole og utdanning; forskjellige folk treng forskjellige alternativ!

Det å gje statleg støtte til skular som har betre moglegheit enn den offentlege skulen til å til dømes lære opp born gjennom praktisk arbeid er ein god idé. Mange born og unge lærer ikkje best med nasen nedgraven i ei bok, eller skrivande bak ein utslitt pult, derfor må det vere genialt for mange slike å til dømes gå på ein skule som baserer seg på å tileigna elevane kunnskap gjennom uteaktivitetar. Kvifor skal staten vere den einaste institusjonen som kan sørge for at unge tileignar seg kunnskap, både på det sosiale og faglege nivå?

Støtte til miljøet vs. billig sprit

•august 28, 2009 • Kommenter innlegget

No byrjar skuledebattane veldig snart, og eg har vore så vågal at eg har satt meg opp som debattant for MDG. Spørsmålet mitt er om min klare støtte til miljø og grøn økonomi vil klare seg i møte med dei ungdomspopulistiske haldningane til alkohol som FrP har?

Skulane varierer enormt når det gjeld dette. Eg går på ein kunstnarskule med musikk, dans og drama, og skulen min er godt kjend for å ha idealistiske elevar som er allergiske mot FrP. På slike skular som denne viser det seg ofte at ungdom tenker  stort og har større draumar enn billig sprit og bensin, mens det på andre skular visar seg at ståa er heilt omvendt. Store spørsmål om miljø; det å redde kloden, stoppe de farlege CO2-utsleppa og sørga for at ressursane ikkje blir brukt opp, virkar  for mange ungdommar veldig fjerne og konkrete meiningar om ting som dei møter i kvardagen blir heller absorbert inn i deira politiske lever. Her møter ein utfordringa, korleis får ein ungdom utan store visjonar til å tenke stort og stemma grønt?

Eg trur at me, som FrP har saker som fenger ungdom. Til dømes er me eitt av dei få partia som meiner at fildeling bør bli lovleg. Faktum er at ein veldig stor andel av unge mennesker lastar ned musikk og filmar, og eit forbod som nærast er umogleg å fylgje opp gjer desse unge til kriminelle. Det å avkriminalisere ein så positiv ting som deling er verkeleg eit steg i rett retning. Kunstnarane som står bak sine verk må sjølvsagt kunne leve av verka sine, men dette må gjerast gjennom kunstnarfond og stønad (les borgarløn).

Når alt kjem til stykket trur eg at i kvar einaste unge sjel fins det anlegg for store tankar og langsiktige visjonar. Det gjeld berre å få tankemaskineriet i gang på rette innstilling, slik at folk blir opptekne av andre ting enn berre billig sprit og låge skattar.

Eit sekulært samfunn

•juli 30, 2009 • Kommenter innlegget

Som kristen er eg oppteken av at folk skal få høyre om Jesus. Men sjølv om eg vil evangelisera, meiner eg at staten skal vere religionsnøytral. Når eg seier at eg er for eit sekulært samfunn til andre kristne er det som om dei får allergisk reaksjon. Kanskje dei trur eg vil ha vekk alt som heiter kristendom frå landet? På ein måte er det nettopp det eg vil, eg vil ha vekk alt som heiter kristendom frå skule og statsinstitusjonar osv. Men eg vil gjerne at folk skal kunne ha eit djupt og personleg forhold til trua si. Eg meiner tru er djupt personleg, og byggjer på mellommenneskelege relasjonar, ikkje forholdet mellom borgar og stat.

Tyder dette at eg vil ha bort kristne verdiar frå samfunnet? Absolutt ikkje! Eg vil tvert om at samfunnet skal byggja på dei verdiane me har fått frå kristendommen opp gjennom. Men desse verdiane har gjort sitt inngrep i oss gjennom det me har fått høyra frå andre og av god erfaringar frå dei siste århundra. Ingen stat har gjort oss tilbøyelege for kristen moral og etikk.

Like moglegheiter!?

•juli 28, 2009 • Kommenter innlegget

Eit av sosialismen sine viktigaste bidrag til denne verda har vore like moglegheiter for alle. Verda låg lenge under hierarkisk system, der kvar og ein var fødd til sin post, Salomons kongeson og skomakarens skomakarson kom til verda med to heilt forskjellige forventningar. Fridom, likskap og brorskap! Alle menneske er like mykje verdt, det er det ingen tvil om, same om du tilhøyrer SV eller FrP. Skilnaden er berre kvifor nokre moglegheiter som møter dei. Venstresida har tradisjonelt fronta vegen til like moglegheiter medan høgresida har fronta vegen mot tilpassa tilbod.

Eg meiner at det er for lett å dele det inn på denne måten. Folk er født forskjellige, jente og gut. Nokon er fødde med talent for realfag mens andre er fødde med talent for språkfag. Eg må være trufast med dei unike genene mine: eg har blitt unik, som alle andre er unike. Uniformering er eit onde. Opp gjennom tidene meiner eg at det i den norske skulen har opp gjennom tidene vore eit for stort fokus på at alle skal i gjennom den same opplæringa, dei same faga og så vidare. Dette har blitt gjort i god tru på at det vil gje oss like moglegheiter, men eg meiner det heller i dei fleste tilfeller har hatt motsatt verknad. Opp gjennom mi tid i skulen klarte eg meg godt med den statsgodkjende opplæringa, men det var allikevel dei som ikkje klarte det, dei som ikkje hadde snev av talent for norskfaget, eller som ikkje eigde logisk sans (eg blant dei). Slike som kanskje hadde lært matte av å mekka på ein øydelagd bil, eller av å gå ut i naturen. Skal me tvinge desse til å uniformere seg saman med matteflinkisane? Og matteflinkisane, som kanskje ligg to år framføre dei som vil bli bilmekanikarar, skal dei måtte vente med å få vanskelegare stoff fordi dei blir haldt igjen av nokon som strengt tatt hadde lært matte betre av å mekka på motoren til ein Ford? Nokon vil seie at me favoriserar dersom me lagar ei mattegruppe for dei vidarekomne, ei norskgruppe for dei som helst vil perfeksjonera sine skriveferdigheiter? Det handlar ikkje om å nekta dei praktisk anlagde opplæring i teoretiske fag, men at det teoretiske kan bli lært gjennom ein praktisk framgangsmåte. Det handlar ikkje om å laga tapargrupper, men å laga to tilpassa vegar: på same måten som me lagar ein sti i skogen og ein sykkelsti; begge fører til same staden, men måten dei kjem dit på er forskjellig.

I framtida må me visa kvar enkelt at dei er like mykje verdt og at samfunnet treng dei like mykje om dei er revisorar eller bussåfør. Eit samfunn består av fleire tannhjul: det store tannhjulet er det som syner best, men dersom ein tek vekk berre eit bitte lite, nærast usynleg tannhjul, stoggar maskina. Det handlar altså ikkje om å uniformere men å generere, og genereringa kan skje på totalt forskjellige måtar.

For å samanfatta: me treng ikkje gje alle eit likt tilbod, heller ikkje tvinga på dei tilpassa tilbod, men, me må mogleggjera det for kvar enkelt å finna seg ein plass personen kan trivast med.

Den vanlege misforståinga

•juli 20, 2009 • 2 kommentarar

Den aller vanlegaste misforståinga folk har i møte med Miljøpartiet dei grøne er at det er eit parti som kun tenker på miljø; at dei ikkje har andre saker enn dei som omhandlar miljø på partiprogrammet. Eigenleg er desse som trur det berre uvitande om partiet, dei har ikkje lest noko av verken prinsipp- eller arbeidsprogrammet, dei dømer partiet på navnet: Miljøpartiet dei grøne.

Navnet «Miljøpartiet» trur eg er med på å gjere misforståinga så stor. Fleire ynskjer at kun «Dei Grøne» blir brukt, og eg er samd. Mdg sitt systerparti i Tyskland går under namnet Die Grünen, og eg syns dette namnet samanfattar det meste.

Så, for dykk som enno trur at Miljøpartiet dei grøne er eit parti som kun tar sikte på ei sak, gå inn på mdg.no og bli klok!

Meir grønnfarge i norsk media

•juli 19, 2009 • Kommenter innlegget

Dei grøne går fram på verdsbasis men media i Noreg held kjeft. Små parti i Noreg som har blitt starta etter andre verdskrig har ikkje nådd dei høgdene som tilsvarande parti rundt om i Europa. Unntaket her til lands er FrP. Miljøpartiet dei grøne er her i Noreg eit promilleparti. Grunnen til at dei ikkje vert større vil eg tru er nordmennene si frykt for noko nytt, og dersom det ikkje er frykt er det giddalause til å få noko smått fram. Medan Dei grøne i Sverige og Tyskland, og forsåvidt European Greens i Europaparlamentet  får til dei grader større oppslutning (European Green Party fekk 7,4 %), heng det norske miljøpartiet etter. Ein ser stadig vekk at partiet vert gløymd i media. I den tida FrP (i den tida Anders Langes Parti) var eit promilleparti, fekk dei stor merksemd i media, og folk fekk etter kvart augo opp for deira politikk. Eg ynskjer det same for MDG, som for den saks skyld hev ein mykje meir berekraftig politikk enn FrP.

MDG er eit lite parti, men er faktisk det einaste norske partiet som hev innverknad på det europeiske parlamentet. Dette avdi det er knytta opp mot eit stort grønt verdsomspennande nettverk, og dermed også European Green Party. Sjølv om dette er eit godt argument for å få MDG meir fram i norsk politikk er det ikkje nødvendigvis eit argument for å få Noreg inn i EU, men det seier noko om at dersom EU får inn drypp av god grøn økofilosofisk politikk, burde det same skje i Noreg.