Like moglegheiter!?

Eit av sosialismen sine viktigaste bidrag til denne verda har vore like moglegheiter for alle. Verda låg lenge under hierarkisk system, der kvar og ein var fødd til sin post, Salomons kongeson og skomakarens skomakarson kom til verda med to heilt forskjellige forventningar. Fridom, likskap og brorskap! Alle menneske er like mykje verdt, det er det ingen tvil om, same om du tilhøyrer SV eller FrP. Skilnaden er berre kvifor nokre moglegheiter som møter dei. Venstresida har tradisjonelt fronta vegen til like moglegheiter medan høgresida har fronta vegen mot tilpassa tilbod.

Eg meiner at det er for lett å dele det inn på denne måten. Folk er født forskjellige, jente og gut. Nokon er fødde med talent for realfag mens andre er fødde med talent for språkfag. Eg må være trufast med dei unike genene mine: eg har blitt unik, som alle andre er unike. Uniformering er eit onde. Opp gjennom tidene meiner eg at det i den norske skulen har opp gjennom tidene vore eit for stort fokus på at alle skal i gjennom den same opplæringa, dei same faga og så vidare. Dette har blitt gjort i god tru på at det vil gje oss like moglegheiter, men eg meiner det heller i dei fleste tilfeller har hatt motsatt verknad. Opp gjennom mi tid i skulen klarte eg meg godt med den statsgodkjende opplæringa, men det var allikevel dei som ikkje klarte det, dei som ikkje hadde snev av talent for norskfaget, eller som ikkje eigde logisk sans (eg blant dei). Slike som kanskje hadde lært matte av å mekka på ein øydelagd bil, eller av å gå ut i naturen. Skal me tvinge desse til å uniformere seg saman med matteflinkisane? Og matteflinkisane, som kanskje ligg to år framføre dei som vil bli bilmekanikarar, skal dei måtte vente med å få vanskelegare stoff fordi dei blir haldt igjen av nokon som strengt tatt hadde lært matte betre av å mekka på motoren til ein Ford? Nokon vil seie at me favoriserar dersom me lagar ei mattegruppe for dei vidarekomne, ei norskgruppe for dei som helst vil perfeksjonera sine skriveferdigheiter? Det handlar ikkje om å nekta dei praktisk anlagde opplæring i teoretiske fag, men at det teoretiske kan bli lært gjennom ein praktisk framgangsmåte. Det handlar ikkje om å laga tapargrupper, men å laga to tilpassa vegar: på same måten som me lagar ein sti i skogen og ein sykkelsti; begge fører til same staden, men måten dei kjem dit på er forskjellig.

I framtida må me visa kvar enkelt at dei er like mykje verdt og at samfunnet treng dei like mykje om dei er revisorar eller bussåfør. Eit samfunn består av fleire tannhjul: det store tannhjulet er det som syner best, men dersom ein tek vekk berre eit bitte lite, nærast usynleg tannhjul, stoggar maskina. Det handlar altså ikkje om å uniformere men å generere, og genereringa kan skje på totalt forskjellige måtar.

For å samanfatta: me treng ikkje gje alle eit likt tilbod, heller ikkje tvinga på dei tilpassa tilbod, men, me må mogleggjera det for kvar enkelt å finna seg ein plass personen kan trivast med.

Advertisements

~ av jontorger den juli 28, 2009.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

 
%d bloggarar likar dette: