Den vanlege misforståinga
Den aller vanlegaste misforståinga folk har i møte med Miljøpartiet dei grøne er at det er eit parti som kun tenker på miljø; at dei ikkje har andre saker enn dei som omhandlar miljø på partiprogrammet. Eigenleg er desse som trur det berre uvitande om partiet, dei har ikkje lest noko av verken prinsipp- eller arbeidsprogrammet, dei dømer partiet på navnet: Miljøpartiet dei grøne.
Navnet “Miljøpartiet” trur eg er med på å gjere misforståinga så stor. Fleire ynskjer at kun “Dei Grøne” blir brukt, og eg er samd. Mdg sitt systerparti i Tyskland går under namnet Die Grünen, og eg syns dette namnet samanfattar det meste.
Så, for dykk som enno trur at Miljøpartiet dei grøne er eit parti som kun tar sikte på ei sak, gå inn på mdg.no og bli klok!

er forsåvidt meget enig i at det må et navneskift til
Eg er også med på tanken om eit namneskifte, eg liker betre namnet til dei tyske grøne, eller for den del dei flamske (som heiter Groen!, altså Grøn!).
Eg voner likevel at det ikkje vert naudsynt med namneskifte. Dersom me gjer det bra i dette valet og i 2011 kan namnet verta innarbeidd og ein del av misforståingane forsvinna. Den viktigaste grunnen til at folk misforstår er jo ikkje namnet, men at dei knappast eller ikkje i det heile har høyrt om oss.