Meir grønnfarge i norsk media
Dei grøne går fram på verdsbasis men media i Noreg held kjeft. Små parti i Noreg som har blitt starta etter andre verdskrig har ikkje nådd dei høgdene som tilsvarande parti rundt om i Europa. Unntaket her til lands er FrP. Miljøpartiet dei grøne er her i Noreg eit promilleparti. Grunnen til at dei ikkje vert større vil eg tru er nordmennene si frykt for noko nytt, og dersom det ikkje er frykt er det giddalause til å få noko smått fram. Medan Dei grøne i Sverige og Tyskland, og forsåvidt European Greens i Europaparlamentet får til dei grader større oppslutning (European Green Party fekk 7,4 %), heng det norske miljøpartiet etter. Ein ser stadig vekk at partiet vert gløymd i media. I den tida FrP (i den tida Anders Langes Parti) var eit promilleparti, fekk dei stor merksemd i media, og folk fekk etter kvart augo opp for deira politikk. Eg ynskjer det same for MDG, som for den saks skyld hev ein mykje meir berekraftig politikk enn FrP.
MDG er eit lite parti, men er faktisk det einaste norske partiet som hev innverknad på det europeiske parlamentet. Dette avdi det er knytta opp mot eit stort grønt verdsomspennande nettverk, og dermed også European Green Party. Sjølv om dette er eit godt argument for å få MDG meir fram i norsk politikk er det ikkje nødvendigvis eit argument for å få Noreg inn i EU, men det seier noko om at dersom EU får inn drypp av god grøn økofilosofisk politikk, burde det same skje i Noreg.
